1. Planlegging og nivå
Start med å finne ut:
- Kor høgt golvet skal liggje i forhold til terreng og port.
- Om du skal støype ringmur først, og golv etterpå.
- Korleis du legg fall (ofte svakt fall ut mot porten).
2. Underlag og isolasjon
Eit godt og stabilt golv startar med rett grunnarbeid.
- Fjern lausmassar og grav til fast grunn.
- Legg pukk (min. 20-30 cm), og komprimer godt.
- Legg plast (fuktsperre) over isolasjonen, helst i heile flata.
- Over isolasjonen blir det lagt plast (fuktsperre), helst i heile lengder.
3. Forskaling og ringmur
Det vanlegaste er å:
- Støype ringmur først, og deretter golv inne i ramma.
- Bruke ringmursblokker eller støyper med tradisjonell forskaling.
4. Amering og avstandshaldarar
For eit sterkt golv:
- Bruk armeringsnett (minst 6 mm) med overlapp og binding.
- Bruk distanseklossar slik at armeringa ligg midt i golvet, ikkje nedst.
- Skal du bruke fiberbetong i staden? Snakk med oss først.
5. Betongtype og støyping
- Vi tilrår B30 eller høgare, gjerne S4/S5 (lettflytande).
- Sørg for rett mengde, bruk volumkalkulatoren.
- Bruk rettholt og eventuelt laservater for å få rett høgde.
- Påfør curing på betongen med ein gong du har retta av, dette for å halde på fukta til du kan leggje på plast (vi sel curing).
- Kan òg jamne ut betongen med noko vi kallar amerikanar.
- Har du stort areal? Del opp golvet i seksjonar eller støyp i etappar.
6. Pussing og overflate
Eit garasjegolv bør ha ei jamn og slitesterk overflate.
- Etter utlegging: bruk rettholt, så glatting.
- Puss over med stålskei eller helikopter ved store flater.
- Ønskjer du struktur? Då kan du koste eller rive over med brett.
- Hugs å dekkje til etterpå, plast gjev jamnare herding.
7. Tørketid og bruk
- Gå på golvet etter 1-2 døgn.
- Køyring med bil bør ein vente i 7-10 dagar.
- Full styrke etter 28 dagar.
Tips:
Skal du leggje sluk, avløp eller varmekablar i golvet? Planlegg dette godt før støyping, og legg røyra nøyaktig der dei skal.