Kva må du gjere klart før støyping?

God førebuing gjer støypinga enklare.

Når du har bestilt betong, er det nokre ting som må vere på plass før vi kjem. Her er det viktigaste du bør sjekke:

1.  Kjem vi fram dit du skal støype?
Er det fri tilkomst for betongbilen?
Er vegen brei nok og fri for hindringar?
Er det greitt å svinge, rygge eller køyre fram og tilbake?
Skal vi bruke pumpe? Gje beskjed på førehand.
2.  Er alt klart på støypeplassen?
Er underlaget ferdig komprimert og klart til støyping?
Er armering og eventuelle røyr på plass?
Er forskalinga bygd og kontrollert for høgd og vinkel?
Har du lagt plast, isolasjon eller annan grunnbeskyttelse?
3. Er det folk og utstyr klart til å ta imot betongen?
Ha minst to personar til stades under støypinga
Ha ein plan for korleis betongen skal fordelast og etterbehandlast
Sørg for at du har rettholt, trillebår, brett, rive og vatn
Dekk til område der det kan kome sprut, og hald born og dyr unna
4. Skal du gjere noko etter støyping?
Har du plast eller presenning klar til å dekkje betongen?
Veit du kor lenge det må tørke før det kan belastast?
Etter støyping, tilvis vaskeplass for betongbil (lett vask av renne og trommel). Hugs alltid curing på plater, golv og liknande.
Skal du koste, pusse eller glatte overflata?
Tips: Usikker på noko? Spør oss på førehand, så hjelper vi deg å vere førebudd. God planlegging sparer deg for stress og gir betre resultat.